6. april 2014

Liberalisme ala Rotevatn

Rotevatn er sitert på at dagens stortingspolitikarar er feige, og at dei utsett alle dei vanskelege spørsmåla. http://www.nrk.no/norge/feige-politikere-preger-debatten-1.11651736
Ei av sakene som blir nemnd er aktiv dødshjelp. Han meiner tydelegvis at i eit liberalt samfunn så har alle rett til å bestemme over seg sjølv, heilt ut. Og då må ein ha lov til å bestemme kva tid ein skal døy. Det har vi vel for så vidt allereie. Det vert kalla sjølvmord. Og dei fleste av oss prøver å gjere kva vi kan for at folk ikkje skal kome i ein så fortvila situasjon at dei ikkje ser annan utveg enn å ta livet av seg.
Aktiv dødshjelp er derimot å be om at nokon skal ta livet av deg. Legane har til no vore sterkt i mot det, fordi deira oppgåve er å redde liv.
Men spørsmålet er kva vi i framtida vil rekne som liv. Vi har gradert livet i begynnelsen. Og det sinnet som har kome tilsyne rundt saka om reservasjonsretten, syner at legar som flaggar samvit og uvilje til å tilvise til abort, ikkje er mykje verd i samfunnet. Slik kan det fort bli, dersom vi graderer menneskeverdet for sjuke, funksjonshemma og gamle også.
Det er vanskeleg å sjå den gode liberale politikken i dette.
Å kjempe for menneskeverdet, uansett, er det liberale valet!

31. mars 2014

Akademiske pingler? Frå 2010, men aktuell?

Akademikarane ropar på kommunesamanslåing, og det er dei slett ikkje åleine om. Dei får full støtte frå ma. nestleiaren i Høgre, Jan Tore Sanner. Argumentasjonen er langt frå ny. Den er at det er vanskeleg å få nok fagfolk i små komuneadministrasjonar. Sanner utvidar det til også å gjelde skular, barnehagar og sjukeheimar. Og det er då galskapen i argumentasjonen bør gå opp for alle. For desse typen jobbar kan ikkje sentraliserast vekk ved kommunesamanslåing. Desse daglege velferdstenestene må nødvendigvis vere i nærleiken til der folk bur. Det er grenser for kor lang skuleveg ein 6-åring kan ha!

Er det noko i utdanningssystemet vårt som bygger opp under det at fagfolk må jobbe mange i lag? Er det lagt for lite opp til sjølvtillit og tru på eigne kunnskapar i utdanningssystemet, og for mykje på at løysingar må diskuterast seg fram til? Eg skjønar at det er viktig med fagleg utvikling og diskusjon. Men viss det interne på jobben blir det viktigaste og ikkje det ein skal løyse for brukaren, så blir resultatet fort både dyrt og dårleg. Eg utfordrar difor dei som måtte vere i posisjon til det å dette etter i saumane. Særleg i det offentlege, fordi dei har eit særleg krav om å drive effektivt til beste for oss alle. Pengar er ein knapp ressurs, men tal arbeidstakarar er på sikt endå knappare.

Eg trur også det blir heilt feil når Akademikarane tar utgangspunkt i berre innbyggartal når dei tenkjer kommunestorleik. Det er nemleg noko som heiter geografi. Og det må takast omsyn til, med mindre ein meiner at folk bør flytte til sentra for å ha rett på tenester.
Og til sist, eg er heilt samd med kommunalministeren når ho minner om at det faktisk er svært mykje god kompetanse i kommunane. Det kan til tider vere vanskeleg å få gode nok søkarar til spesielle jobbar, men det er nok ikkje eit særsyn for små kommunar.


Kommunenorge er mangfaldig. Det er ikkje EI løysing som er rett overalt. Samanslåing kan passe ein plass, samarbeid ein annan. Men skal vi kunne velje å bu der vi vil, så må offentlege tenester og dei som utfører dei, også kunne vere desentrale. Det er fullt mogleg å få til gode faglege nettverk utan å ha kontor i same bygg.

25. mars 2014

Diskvalifiserande tru?

Norge er eit sekularisert samfunn. Vi likar å kalle Norge for eit kristent land, eller å seie at vi har ein kristen kulturarv. Det siste er i alle fall rett. I store deler av landet blir framleis nesten alle born døypt og konfirmert, sjølv om talet totalt sett går ned. Det er ikkje så rart, sett i høve til at vi får mange nye landsmenn som høyrer til andre religionar.

I dag skriv Vårt Land om Speidar-rørsla som skal diskutere om dei skal kutte Gud ut av speidarlov og -lovnad. På radioen spurde journalisten om ein ikkje burde gjere det, fordi det ikkje var inkluderande mot "ikkje-truande" å halde fast på trusaspektet. Speiding og naturliv er moro. Men det er altså eit tiltak for å gje vidare kristne verdiar og tru. Alle er velkomne til å bli med, og det er ikkje krav om tru eller dåp eller noko anna spesielt for å bli med. Men du blir invitert inn i eit tilbod som har ei tydeleg forankring, og som ikkje skjuler at tru er ein viktig del av livet.

I sist kulturutval i fylket skulle vi dele ut tilskot til organisasjonar som driv kulturarbeid. Særleg skulle born og unge tilgodesjåast. Ein av søkarane var KFUK-KFUM. Midt i målgruppa, og søkte tilskot til leiaropplæring og internasjonalisering.
Sp tok då opp spørsmålet om ein burde gje offentlege kulturmidlar til kristne / religiøse organisasjonar. Rett nok presiserte representanten, då ho vart utfordra, at ho tala på eigne vegne, og ikkje partiet. Noko som er litt rart å gjere når ein representerer eit parti, men la gå.
Eg hadde ikkje venta eit slikt spørsmål frå eit parti som har dette i programmet sitt: Senterpartiet mener at kirke, religion og livssyn fortsatt bør være et offentlig anliggende. Vi ønsker å ha en grunnlovsforankret folkekirke. Både staten og kommunene spiller en viktig rolle for å understøtte folks mulighet til å utøve tro og livssyn. Gjennom stat og kommune skal vi sikre at Den norske kirke opprettholdes som landsdekkende kirke med tilstedeværelse der folk bor. Vi vil videreføre en offentlig finansiering av Den norske kirke og andre tros- og livssynssamfunn.


Vel, liv og lære.. Skal kyrkja halde fram å vere landsdekkande, så må ein i alle fall vere med å bruke midlar på frivillig arbeid, leiaropplæring og aktivitetar som handlar om tru. Med mindre ein ønskjer ei kyrkje utan tru. Men kva er vel det??

Men det er mange som tenkjer slik. At alt bør vere verdinøytralt. At alt som har med tru å gjere er privat og personleg. Eg meiner det er feil. Både vi som folk og som samfunn har goder av at vi tar på alvor at folk er samansette av både "ånd og materie", og at materielle goder ikkje kan vere alt.

17. mars 2014

Mobbeombod

Takk til rektor på Hyen skule som tek opp att saka om mobbeombod. På NrK SFj etterlyser ho ein instanså hente råd og hjelp hos, og som kan kome på skulen å snakke med born og foreldre.
KrF har ved fleire høve teke opp dette, fordi vi meiner det er viktig. Og at mobbeombod kan vere ei hjelp til å forhindre mobbing og hjelpe dei som er i denne typen situasjonar.
Seinast i samband med budsjetthandsaminga i Fylkestinget i desember 2012 hadde vi eit framlegg. Vi ba om å få utgreidd å etablere eit mobbeombod i Sogn og Fjordane. Og at det skulle vurderast som eit samarbeid mellom komunane (KS) og fylkeskommunen, slik at samme ombodet skulle dekke både grunnskule og vidaregåande skule.
Framlegget til KrF fekk ei stemme for lite til å bli vedteke! Eg trur det var Ap, SV og FrP som støtta det. KrF har ikkje medlem i opplæringsutvalet, men Ap har lova å følgje det opp der.

KrF meiner mobbing er eit så alvorleg samfunnsproblem, at vi er villige til å prøve mange tiltak for å gjere situasjonen betre. Mobbeombod kan vere eit av dei gode tiltaka.

9. februar 2014

KrF og verdival


Leiaren i ei lokalavis.......
Overskrifta er god; KrF viser sine verdival. Og ein av våre verdiar er å legge til rette for at folk kan følgje samvitet sitt, og at samfunnet skal legge til rette for det.

Men eg kan trygt seie at eg vart skuffa over resten av leiaren i Firda måndag 3.februar. Redaktøren viser at han ikkje har klart å skjøne poenget i saka om reservasjonsrett. Han berre mel om att på propaganda frå politiske motstandarar motstandarar framført i sosiale media og frå dei som meiner reservasjonsretten er eit åtak på abortlova.

Å vektlegge samvit, og å innrømme folk reservasjonsmulighet i viktige spørsmål som handlar om liv og død, burde vere eit viktig prinsippielt spørsmål i eit demokrati. Det er eit kjenneteikn på eit liberalt demokrati at ein opnar for å legge til rette for at den enkelte kan følgje samvitet sitt. Å krevje at tilsette skal utføre jobb som går på tvers av eigne etiske grenser høyrer mest heime i totalitære samfunn.

Eg trur det er ein «støytestein» at nokon meiner abort er å ta eit liv. Men i vårt opplyste samfunn er vel alle samde om det. Det vi kan vere usamde om er kven som bestemmer liv og død for eit foster. Etter norsk lov er det mor. Og slik vil det nok fortsette å vere. Men det går nesten ikkje ei veke utan at det kjem nye etiske utfordringar innan spørsmålet om liv og død. Denne veka er det selektering av foster når det er fleirlingar. Eg ønskjer meg politikarar med varme hjerter og kloke hovud som maktar å vere prinsippielle, maktar å ta vare på menneskeverdet for alle involverte. Er det for mykje å be om?

31. januar 2014

Ferje-galskap

Ferjesambandet over Fensfjorden mellom Leirvåg-Sløvåg er så ustabilt at det er vanskeleg å stole på at ein kjem over når ein skal. Eg har sjølv val det vekk til fordel for ein litt lenger tur over Romarheim når det er viktige møter eller anna som eg må nå. Det er ille når ein ikkje kan stole på at viktige kollektiv-ordningar og samband ikkje går som dei skal.
Det er Hordaland fylkeskommune som er ansvarleg for ferjestrekninga. Dei har ordna samferdsla si gjennom ein konstruksjon kalla "Skyss". Ferjestrekninga var ute på anbod, og Norled vann anbodet. Allereie då engasjerte politikarar i Gulen seg, fordi anbodet ikkje sette krav til nyare ferjemateriell, ma heller ikkje krav til universell utforming, slik kravet vart sett same året (men utan tilbakeverkande kraft til anbod som nett var lagt ut..) Vi kjende jo godt til ferja Melderskin og andre gamle ferjer Norled har bruka i sambandet.
I haust tok eg opp saka i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane, for det hadde vore mange dagar med stogg i ferjedrifta. Svaret var at tal stopp var innanfor det som ein måtte tåle innanfor anbodet. (Svaret var frå Hordaland fylkeskommune)
I går skreiv avisa Nordhordland om sambande på nytt. Det viser seg at ferja i snitt er innstilt kortare og lengre tid KVAR TREDJE DAG. http://www.nordhordland.no/nyhende/article7132752.ece
Alle må skjøne kor øydeleggande dette er for næringsliv og andre som er avhengig av ferja!

No må det bli slutt på ansvarsfråskrivinga i Hordaland fylkeskommune, Skyss og Norled. Ja. Eg tek med Norled også, for dei vann anbodet med gammalt utstyr, medan dei snakka om å sette inn nyare. Om dei ikkje har eit formelt ansvar, så har dei i alle fall eit moralsk. Men først og fremst; det er Hordaland fylkeskommune som har ansvar, og som sitt med nøkkelen for å ordne opp i saka!

25. januar 2014

Klappjakt på anleis-tenkjande

Det er aldri pent å sjå på når majoriteten taktfast og med harde ord og uttrykk dømer dei få "nord og ned". Samfunnet vårt som liksom har toleranse som ein dyd, meiner ingen ting med det ordet. Toleranse gjeld deg berre når du er einig med fleirtalet.
Dette er aktualisert av "reservasjons-legane". Desse som ut frå overbevisning, og for enkelte tru, ikkje vil tilvise til abort. "Det er greit at dei meiner det, men dei får slutte å jobbe som fastlege", er kravet. Og regjeringa sender på høyring eit regelverk som skal gjere spørsmålet om jobb eller ikkje til ei lokalpolitisk valkampsak. Korleis er retten gjennom diverse arbeidmiljølover for desse arbeidstakarane? Spente 4. kvart år på om den faste tilsettinga gjeld??
Er det gammalt og oppsamla hat mot tidlegare tiders moral og dei som sto i spissen for den, som gjev så sterk styrke? Mange ser på saka om reservasjon som ein omkamp om abort-lova. Ikkje ein gong dei ivrigaste abort-motstandarane meiner det.
Men det er klart at det er ugreit at nokon meiner abort er å ta liv. Og vi vil ikkje ha den typen sprøsmål. At nokon skal ha samvit som ikkje er stemt etter stortingsfleirtalet sine lover, er plagsomt.

Vi som meiner samfunnet må strekke seg langt for å gje menneske høve til å opptre i samsvar med samvitet, er sjølvsagt redde for at det veldige engasjementet i denne saka også skal bli gjeldande på andre område. Kva med reservasjonsretten sjukepleiarar og legar har når det gjeld sjølve abortinngrepet? Prinsippielle skilnader er det knapt. Eller kva viss samfunnet ein gong vedtek dødshjelp?

Eg er redd samfunnet er taparen dersom vi ikkje finn løysingar som tek alle grupper ivare, også dei som av ulike grunnar reserverer seg.